onsdag 8. desember 2010

Pionertida, Lumìere og "Toget ankommer stasjonen"

Pionertida:
Når filmen først vart presentert hadde filmskaparane ikkje så mange filmatiske forteljarelement å rutte med. Vi kan sjå dette i filmane ”toget kjem til stasjonen” og ”arbeidarane forlet fabrikken”, begge frå 1895. Dei vart laga av Lumìere- brødrene. Etter kvart utvikla franskmannen Georges Mèliè vart rekna som fiksjonsfilmens opphavsmann. Han regisserte 561 filmar i hans levetid. 


Lumìere- brødrene og Georges Mèliès:
Brødrene Auguste og Louise Lumìere var to franske oppfinnarar og forskarar. Dei er fødd i byen Besancon men er oppvokst i Lyon, der foreldra flytta til når dei var unge. Dei er mest kjende for å drive med avgjerande eksperimentar innan fargefotografering. Dei var også filmskaparar når dei hadde funne opp filmaparatet. Brødrene filma enkle scener, med eit stilleståande kamera. 


Georges Mèliès kom fra Paris, Frankrike. Han var ein fransk filmpioner som regisserte 561 filmar. Han vart rekna som fiksjonsfilmens opphavsmann. Han var også ein ivrig magikar.


”Toget ankommer stasjonen”:
Den første filmen som Lumìere- brørne filma, var "Toget ankommer stasjonen". Vart filma med eit stilleståande kamera og med same bildeutsnitt. Filmen er i svart-kvitt, ettersom dette var så tideleg i filmhistorien at teknologien for filming med farge ikkje fantes enda. Filmens innhald er eigentleg ganske lite og enkelt. Det som har blitt filma er rett og slett eit tog som ankjem togstasjonen, og passasjerane stig ut av toget, og nye passasjerar stig på toget. Veldig enkelt og greitt konsept. 







Kjelder:
- Asbjørnsen, Dag m. fl. 2007. Mediemøte 2
http://www.youtube.com/watch?v=1dgLEDdFddk
http://www.holonet.khm.de/visual_alchemy/lumiere.html
http://www.nwlink.com/~erick/silentera/Melies/melies.html,
-

tirsdag 16. november 2010

Oppgave om nøkkelord i mediafaget

Medieideologi :
Eit mediesystem som fortel kva rolle media har i samfunnet, klargjer forholdet mellom staten og media. 4 presseteoriar/medesystem: den autoritære, den liberalistiske, den sosialt ansvarlege og den diktatoriske.

Den autoritære: Har mykje til felles med det vi kallar offentlegheita til det tradisjonelle samfunnet, her finn vi uinnskrenka kongemakt og eit lite utval lærde, som forvaltar informasjon og sanninga til media. Det at dei kan kontrollere informasjonsflyten, betyr også at maktinnhavarane kan dei halde på posisjonane sine over lang tid. Er kanskje litt utenkjeleg for oss i dag, men er framleis eit vanleg mediesystem i verda i dag. Eksempel på dette kan vere Nord-Korea.

Den sovjettotalitære: fungerer på same måte som den autoritære. Det er staten som eig og kontroller massemedia. Forskjellen er at samfunnet kanskje ikkje nødvendigvis har den same tradisjonelle samfunnsforma. Styresmaktene ønskjer å gi inntrykk av at befolkninga har full fridom. Denne typen mediesystem finst mellom anna i Pakistan, Saudi-Arabia og Kina.

Den liberalistiske: Byggjer på total fridom for media. Tanken bak er at kven som helst kan etablere ei mediebedrift, utan innblanding frå styresmaktene og trykkje og sende ut det bodskapet han eller ho måtte sjølv ønskje. I Noreg i dag kan vi sei at mediesystemet er ei blanding av den sosialt ansvarlege og den liberalistiske ideologien.

Den sosialt ansvarlege: Er den ideologien som har mest til felles med det vi kallar den moderne ideologien. I denne ideologien finst det ei statleg mediepolitikk og eit lovverk som bestemmer rammene i media. Men det overordna målet er prinsippet om ytringsfridom.


Konvergens:
Betyr samansmelting, det vil sei at to sjølvstendige linjer nærmar seg kvarandre for til slutt å møtast i ei felles linje. Det finst forskjellige typar konvergens.
Eksempel:
·         Mediekonvergens: er utrykk for ulike typar medie som var ulike før, men er no praktisk talt dei same. Kan samhandlast med kvarandre. Eksempel på dette kan vere utviklinga til marknadsføring, og teknologien blir til ein samla ting. Ein digital billboard i Asia med reklamer om diverse ting kan være eit bra eksempel.
·         Teknologisk konvergens: Diverse teknologiske duppedittar som før var ganske senasjonelle, er det kanskje ikkje no lenger. No kan man på dei avanserte smart phone-ane til folk, høyre på musikk og radio, lese aviser og spele spel i ein same duppeditt. Det at alle dei forskjellige tinga blir samla i ein og same teknologisk sak, er eit eksempel på teknologisk konvergens.

onsdag 15. september 2010

Kortsvarsoppgave om forskjellen mellom informasjon og journalistikk

Dette er ei kortsvarsoppgåve i Mediefaget på Sogndal vidaregåande skule. Teksten skal handla om informasjon og journalistikk. Først ein liten definisjon på informasjon og samfunnskontakt. Asbjørnsen m.fl. skriv at det er noko som organisasjonar held på med. Når ein driv med informasjon og samfunnskontakt, er informasjonen planlagt til omgjevnadene.
Informasjon er den forståelsen eller fortolkningen et menneske trekker ut av data på grunnlag av kjente konvensjoner for den benyttede representasjonsform.
(Wikipedia. http://no.wikipedia.org/wiki/Informasjon. Lasta ned 08.09.10)

Ein slik tolking av omgrepet informasjon, vil vere på grunnlag av å oppfatte data, kulturell kontekst, konvensjon for tolking og evna til å forstå meiningsinnhaldet i data. Når ein informerar om noko, er målet å stille organisasjonen så positivt som mogleg. Altså er ein lojal mot organisasjonen man skal informera om. Informasjon og samfunnskontakt er norsk oversetjing frå engelske Public Relations (PR).

Men når ein skal skrive ein journalistisk tekst, er det lesaren journalisten skal vere lojal mot. Journalistikk kan definerast på fleire måtar. Ein måte kan vere innsamling og formidling av rapporter om faktiske hendingar og aktuelle begivenheiter. Eller ein enklare definisjon på det er alt redaksjonelt stoff som ikkje er betalt reklame, er journalistikk.  

Begge to kan bli blanda med kvarandre og misforstått. Det er vanskeleg å vita forskjellen for dei som ikkje er kjent i faget. Men dei som jobbar med det, veit ein klar forskjell mellom dei to. Det som er mest normalt med å blanda dei to saman, er å tru at informasjon er nesten som reklame. Men reklame og informasjon er forskjellig ettersom reklame er å informere om eit produkt, mens informasjon og samfunnskontakt er å informera om ein organisasjon. Målet med å informera om ein organisasjon er å sette den organisasjonen i mest positivt lys som mogeleg.

For å oppsummera er forskjellen mellom informasjon og samfunnskontakt og journalistikk, er at info. og samfunnskontakt er all kommunikasjon mellom ein organisasjon med omgjevnadane, og som ein informasjonsarbeidar er ein alltid lojal mot organisasjonen som er arbeidsgjevaren. Når ein er journalist er ein alltid lojal mot lesaren og skal få med alle sidene frå ei sak. Og journalistikk kan definerast som ikkje-betalt reklame.




Kjeldeliste:
Asbjørnsen, Dag m.fl: Mediemøte2, Aschehoug 2007
- Hobæk, Inger og Ødegård, Siri: Mediekommunikasjon 2, Gan Aschehoug 2008
- Wikipedia. http://no.wikipedia.org/wiki/Informasjon_og_samfunnskontakt


Skrevet av Benjamin.

mandag 13. september 2010

5-avsnittstekst

Arbeid med kilder om journalistikk og informasjonsarbeid

A) Ein vanleg definisjon er at journalistikk er innsamling og redigering av nyheiter som blir formidla til publikum gjennom media (Asbjørnsen m.fl. 2007,s 175)


Ein vanleg definisjon på informasjon og samfunnskontakt er den kommunikasjonen som organisasjonar har planlagt med omgivnadane (Asbjørnsen m.fl. 2007, s 8)

B) Siri Ødegård og Inger Hobæk skriver at omgrepet journalistikk blir brukt både om det ferdige produktet og om arbeidsprosessen som leier fram til produktet. (2008, s 286)

C) Journalistikk skal ta utgangspunkt på det som verkeleg har hendt, og skal ikkje vere oppdikta. Det skal vere basert på fakta og sikre kjelder. (Siri Ødegård og Inger Hobæk, 2008, s 289)

D) Asbjørnsen, Dag m.fl. : mediemøte 2, Aschehoug 2007.
Siri Ødegård, Inger Hobæk: mediekommunikasjon 2, Gan Aschehoug 2008


Samarbeid med Kjersti