Dette er ei kortsvarsoppgåve i Mediefaget på Sogndal vidaregåande skule. Teksten skal handla om informasjon og journalistikk. Først ein liten definisjon på informasjon og samfunnskontakt. Asbjørnsen m.fl. skriv at det er noko som organisasjonar held på med. Når ein driv med informasjon og samfunnskontakt, er informasjonen planlagt til omgjevnadene.
Informasjon er den forståelsen eller fortolkningen et menneske trekker ut av data på grunnlag av kjente konvensjoner for den benyttede representasjonsform.
Ein slik tolking av omgrepet informasjon, vil vere på grunnlag av å oppfatte data, kulturell kontekst, konvensjon for tolking og evna til å forstå meiningsinnhaldet i data. Når ein informerar om noko, er målet å stille organisasjonen så positivt som mogleg. Altså er ein lojal mot organisasjonen man skal informera om. Informasjon og samfunnskontakt er norsk oversetjing frå engelske Public Relations (PR).
Men når ein skal skrive ein journalistisk tekst, er det lesaren journalisten skal vere lojal mot. Journalistikk kan definerast på fleire måtar. Ein måte kan vere innsamling og formidling av rapporter om faktiske hendingar og aktuelle begivenheiter. Eller ein enklare definisjon på det er alt redaksjonelt stoff som ikkje er betalt reklame, er journalistikk.
Begge to kan bli blanda med kvarandre og misforstått. Det er vanskeleg å vita forskjellen for dei som ikkje er kjent i faget. Men dei som jobbar med det, veit ein klar forskjell mellom dei to. Det som er mest normalt med å blanda dei to saman, er å tru at informasjon er nesten som reklame. Men reklame og informasjon er forskjellig ettersom reklame er å informere om eit produkt, mens informasjon og samfunnskontakt er å informera om ein organisasjon. Målet med å informera om ein organisasjon er å sette den organisasjonen i mest positivt lys som mogeleg.
For å oppsummera er forskjellen mellom informasjon og samfunnskontakt og journalistikk, er at info. og samfunnskontakt er all kommunikasjon mellom ein organisasjon med omgjevnadane, og som ein informasjonsarbeidar er ein alltid lojal mot organisasjonen som er arbeidsgjevaren. Når ein er journalist er ein alltid lojal mot lesaren og skal få med alle sidene frå ei sak. Og journalistikk kan definerast som ikkje-betalt reklame.
Kjeldeliste:
- Asbjørnsen, Dag m.fl: Mediemøte2, Aschehoug 2007
- Hobæk, Inger og Ødegård, Siri: Mediekommunikasjon 2, Gan Aschehoug 2008
- Wikipedia. http://no.wikipedia.org/wiki/Informasjon_og_samfunnskontakt
Kjeldeliste:
- Asbjørnsen, Dag m.fl: Mediemøte2, Aschehoug 2007
- Hobæk, Inger og Ødegård, Siri: Mediekommunikasjon 2, Gan Aschehoug 2008
- Wikipedia. http://no.wikipedia.org/wiki/Informasjon_og_samfunnskontakt
Skrevet av Benjamin.