onsdag 16. februar 2011

Kommentar om blogginnlegg til Kongsberg-elevane

Blogginnlegg om kommentar av Kongsberg-elevane sine bloggar
Dette er min kommentar til eleven Merete ved Kongsberg VGS:
“Hei!

Bra tekst du har skrevet med relevant stoff og ein god forklaring på kva informasjonskløfter er.

Noko eg ville ha endret på var bruk av mellomrom i teksten. Slik som den ser ut no er den kanskje litt vanskeleg å lese. Litt meir bruk av avsnitt er savnet.

Fagleg er teksten god og forståelig. Veit ikkje om du har brukt ein konkret definisjon. Viss du har gjort det er det ein regel om at viss ein definisjon er lengre enn tre linjer, skal den være i eit eige avsnitt for seg sjølv.

Lykke til vidare med oppgåva :)“

Kommentaren er kanskje litt kort, men eg synst ikkje det er så mykje meir å kommentere. Eg synst ho har skrevet ein godt fagleg tekst som tar for seg det den skal. Sidan dette bare er ein kladd og innleiing til eit lengre og meir omfattande besvarelse av oppgåva, synst eg ikkje det skal leggast så mykje vekt på dette innlegget.

 Einaste eg vil kommentere på er bruk av kjelder, der det ikkje er tatt med. Det burde ein ha med sjølv om det bare er ein kladd, men det er ein tekst ho har skrevet ved hjelp av stoff som ho har samla inn og lest på.

Utan om det synst eg ho har skrevet ein bra tekst med eit godt grunnlag der ho kan bygge vidare på den til ein lenger besvarelse på oppgåva.

Kjelder:
- Merete. Informasjonskløfter (kladd til innlevering). Blogspot.com. 10. feb. 2011. 16. feb. 2011.
 http://mediabloggmerete.blogspot.com/2011/02/informasjonsklfter-kladd-til-innledning.html#comments