Medieideologi :
Eit mediesystem som fortel kva rolle media har i samfunnet, klargjer forholdet mellom staten og media. 4 presseteoriar/medesystem: den autoritære, den liberalistiske, den sosialt ansvarlege og den diktatoriske.
Den autoritære: Har mykje til felles med det vi kallar offentlegheita til det tradisjonelle samfunnet, her finn vi uinnskrenka kongemakt og eit lite utval lærde, som forvaltar informasjon og sanninga til media. Det at dei kan kontrollere informasjonsflyten, betyr også at maktinnhavarane kan dei halde på posisjonane sine over lang tid. Er kanskje litt utenkjeleg for oss i dag, men er framleis eit vanleg mediesystem i verda i dag. Eksempel på dette kan vere Nord-Korea.
Den sovjettotalitære: fungerer på same måte som den autoritære. Det er staten som eig og kontroller massemedia. Forskjellen er at samfunnet kanskje ikkje nødvendigvis har den same tradisjonelle samfunnsforma. Styresmaktene ønskjer å gi inntrykk av at befolkninga har full fridom. Denne typen mediesystem finst mellom anna i Pakistan, Saudi-Arabia og Kina.
Den liberalistiske: Byggjer på total fridom for media. Tanken bak er at kven som helst kan etablere ei mediebedrift, utan innblanding frå styresmaktene og trykkje og sende ut det bodskapet han eller ho måtte sjølv ønskje. I Noreg i dag kan vi sei at mediesystemet er ei blanding av den sosialt ansvarlege og den liberalistiske ideologien.
Den sosialt ansvarlege: Er den ideologien som har mest til felles med det vi kallar den moderne ideologien. I denne ideologien finst det ei statleg mediepolitikk og eit lovverk som bestemmer rammene i media. Men det overordna målet er prinsippet om ytringsfridom.
Konvergens:
Betyr samansmelting, det vil sei at to sjølvstendige linjer nærmar seg kvarandre for til slutt å møtast i ei felles linje. Det finst forskjellige typar konvergens.
Eksempel:
· Mediekonvergens: er utrykk for ulike typar medie som var ulike før, men er no praktisk talt dei same. Kan samhandlast med kvarandre. Eksempel på dette kan vere utviklinga til marknadsføring, og teknologien blir til ein samla ting. Ein digital billboard i Asia med reklamer om diverse ting kan være eit bra eksempel.
· Teknologisk konvergens: Diverse teknologiske duppedittar som før var ganske senasjonelle, er det kanskje ikkje no lenger. No kan man på dei avanserte smart phone-ane til folk, høyre på musikk og radio, lese aviser og spele spel i ein same duppeditt. Det at alle dei forskjellige tinga blir samla i ein og same teknologisk sak, er eit eksempel på teknologisk konvergens.
Kjelder:
- Asbjørnsen, Dag m.fl. 2007. Mediemøte 2
- Hobæk, Ingrid og Ødegård Siri. 2008. Mediekommunikasjon 2
Benjamin:Sjekk begrepene du bruker opp mot definisjonen pa fellesdokumentet vart. Du har blandet dem sammen. F.eks. Har du ikke med noe om det sovjettotalitaere systemet.
SvarSlettOg husk a legge inn kildene dine! Ellers en fin tekst. :)
SvarSlettno har eg retta innlegget. :DDD
SvarSlett